NM 10.-11.mars 2017

Voss Kroppsfykarlag i samarbeid med Voss Vind inviterar med dette til NM i innandørs kroppsflyging 2017. Konkurransen vert gjennomført i regi av Norges Luftsportforbund (NLF) og er underlagt Antidoping Norge (ADN) sitt regelverk.

Kategoriar: 
FS 4 open klasse AAA, 8 rundar inkludert finalerunde
FS 4 intermediate A, 8 rundar inkludert finalerunde
VFS, 6 rundar inkludert finalerunde
FF, intermediate, 6 rundar inkludert finalerunde

D2W, 3 rundar + turnering vil verta arrangert under Ekstremsportveko i veke 26, og ikkje under dette NM. Dag og klokkeslett vil me koma tilbake til.

Konkurransedatoar:
Fredag 10. mars og laurdag 11.mars 2017. Det vil vera mogeleg å bestille treningstid frem til fredag 10.mars kl 1300. Konkurransen starter kl 1600 fredag 10.mars og er ferdig seinest kl 1700 laurdag 11.mars.

Kvalifikasjonar:
• Berre medlem og organisasjonar tilknytta Norges Luftsportforbund/Norges Idrettsforbund kan oppnå plassering i Norges- og landsdelsmeisterskap.
• Utøvarar som ikkje er norske statsborgarar må ha vore busatt i Norge i minimum 3 år for å kunne oppnå plassering i Norges- og landsdelsmesterskap (jf. NLF regler).
• Lag må vera samansatt av medlem frå same klubb uansett øving.
• Ein enkelt utøvar kan konkurrere for to eller fleire klubbar i NM, dog ikkje i same grein. For å kunne representera ein klubb må utøvaren vera medlem i klubben dei/laget konkurrerar for 
• Alle deltakarar må ha erfaring frå tunnellflyging.
• Deltakarar som ikkje har erfaring frå VossVind må verta briefa av ein VossVind instruktør før flyging.

Påmelding:
Påmelding innan 01.februar 2017 via eige skjema (vert publisert snart) som ein sender på e-post til astrid.lemme@vossvind.no. 

Påmeldingsavgift:
• Påmeldingsavgift betales ved påmelding til Voss Vind sin konto 9581 05 26190. Merk med «NM innandørs kroppsflyging 2017», lagnavn, klubb, samt kva kategori det gjeld.
• Påmeldingsavgift er 750 norske kroner pr deltaker for FS 4 AAA, A og VFS (totalt 3000 norske kroner pr lag).
• Påmeldingsavgift er 1000 norske kroner pr deltaker for D2W og FF intermediate (totalt 2000 norske kroner pr lag).
• Påmeldingsavgift er 2000 norske kroner pr deltakar i Freestyle.
• Påmeldingsavgifta vil stige etter 1.februrar 2017. Tilleggsgebyr for sein påmleding er 300 kr per lag. 
• Det betales ikke påmeldingsavgift for ein eventuell reserve til lagene.
• Det er 250 norske kroner i avslag pr ekstra konkurranse ein utøvar deltek i. 
• Påmeldingsavgifta refunderes kun dersom konkurransen vert kansellert.
• Dersom konkurransen må kanselleres på grunn av tekniske problem (med Voss Vind) vil det ikkje verta gitt kompensasjon for utgifter til reise og opphold.