Pro-flyer

Om du allereie er fallskjermhoppar, kan du koma for effektiv trening av luftføling og nye triks. Om du ikkje er fallskjermhoppar, men har flydd litt i tunnel før, kan du òg kategoriserast som pro-flyer.

Er du pro flyer, må du bestille tid direkte hjå VossVind, ikkje her online.
Peak tid er laurdag mellom kl. 12.00 - 18.00  og sundag mellom kl. 12.00 - 16.00. 
I peak tid er det ope for maks 1 time pro fly tid.


Er du aleine om å bestille tid, anbefalar me at du tek kontakt med oss direkte på mail. Då kan me prøve å finne ei flytid for deg i eit tidsrom der me kan hjelpe med rullering. 

Møt i god tid – seinast 40 minuttar før oppsett tid. Da får de registrert dykk og skifta til flydress. Ha alltid med gode innesko eller joggesko. 

Me gler oss til å fly med deg!