VossVind under World Cup in Warszawa

Torsdag denne veka starta Worldcup i tunnelflyging som vart arrangert i Warszava i Polen. Norges Fallskjermforbund F/NLF, Voss Kroppsfykarlag og VossVind var representert med utøvarar i Dynamisk, fristil og formasjonsflyging for juniorar.

Informasjon om konkurransane og resultat her: 
http://wcis2016.com/ 

Dynamisk:
VossVind D2W består av Marius Østensen Sotberg og Rune Aspvik. Begge er instruktørar hjå VossVind.

Dei kom på ein forrykande 6. plass (av 24 lag) etter nokre intense rundar der tempoet var skyhøgt og stemninga var heftig! :) Me applauderer!

Fristil:
Amalie Hegland Lauritzen deltok i fristil («freestyle»). Amalie starta å trene fristil i januar 2016 og fekk sølv under nordisk på heimebane i april.

Dette var Amalies aller fyrste internasjonale konkurranse mot dei beste freestylarane i verden. Ho havna på 13. plass (også kjent som sisteplass), men har fått med seg både mykje lærdom, erfaringar og ikkje minst bøttevis med inspirasjon heim att! Ho er meir gira enn nokon gong til å fly og læra endå meir og kjem nok til å hevda seg endå meir neste gong ;)


FS4 junior:
VossVind girls, eller Rekruttjentene som me kaller dei her heime, består av Oda Bastesen Storebø, Arlene Storebø, Vilde Hansen og Hilda Bastesen Storebø. Dei deltok i formasjonsflyging FS4 junior. Rekruttjentene har trent saman lenge og har konkurrert i England og her heime på NM og Nordisk i innandørs kroppsflyging med gode resultat. Vilde Hansen tok over for Amalie i april 2016.

Jentene kjempa knallbra i alle omgangar og enda til slutt på 7. plass (av 8 lag) medan dei heilt tydeleg hadde det knallmoro i tunnelen. Større smil og kjekke jenter skal ein leite lenge etter! :) Me er stolte!