VossVind søkjer seljar

VossVind søkjer etter ein seljar som skal ha hovudansvaret for all oppsøkjande sal både regionalt og nasjonalt.

Stillingas ansvarsområder:

  • Auke sal av VossVind sine produkt mot alle marknader, primært bedriftsmarknad.
  • Utvikla ein god salsplan for bedrifta etter målsetjing satt i budsjett.
  • Vera med og utvikla marknadsplan i samarbeid med organisasjonen.
  • Bidra med produktutvikling for bedrifta.

Me vonar at du er den personen som me ynskjer å innlemma i vår fantastiske bedrift.
Om du likar å jobba i eit kreativt og engasjerande miljø, er du vår rette person.
Ein må kunna å jobbe aleine og sjølvstendig, då administrasjonen er stasjonert på Voss, medan seljar er ute på vegen.

Krav til kvalifikasjonar:

  • God kjennskap til Office programvare
  • Erfaring frå salsarbeid og visa til tidlegare resultat
  • God engelsk både muntleg og skriftleg
  • Handtera nynorsk formulering


VossVind er ei bedrift som får folk til å sveva (bokstavelig).
Me er ein unik aktivitetstilbydar og er plassert sentralt på den finaste plassen på jord, nemleg VOSS.
VossVind har heilårsdrift og er retta mot både fyrstegongsflygar og profesjonelle utøvere.

Tiltredelse:             Snarast.
Lokasjon:                Bergen/Voss.
Lønn:                       Etter avtale.
Må ha:                     Sertifikat og eigen bil.
                                  Minimum ei flanellskjorte i garderoba.

Søknad sendast til: stian.overa@vossvind.no
Frist: 10.11.2016