Sjeiken fekk vind i luggen

Sjeik testa vindtunnelen på Voss.
Var i Oslo, omdirigerte flya sine og landa på Voss.

Kronprinsen av Dubai, sjeik Hamdan Bin Mohammad Al Maktoum (31), var i Oslo for å sjå på vikingskip då han vart overbevist av sine vener i fallskjermmiljøet på Voss, Henning Hegbom og Bjørn Magne Bryn, om å ta turen innom Voss.

Kronprinsen kom innom vindtunnelen med eit følge på ca 15 mann, og det virka som om han likte seg på Voss.