Vossajazz-konsert med Gard Nilssen 19.mars

I samarbeid med VossaJazz presenterar me Gard Nilssen solo. Han er ein av landets mest aktive og etterspurte trommeslagarar, mellom anna kjend frå Cortex, Bushman’s Revenge, sPacemoNKey, Puma og Susanne Sundfør sitt band.

Etter mange konsertar og mykje studiojobbing gjekk han lei si eiga speling og ville eksperimentera og utfordra seg sjølv. Resultatet vart til soloplata Drumming Music frå 2014, ei høgst dynamisk og spanande improvisert ferd inn i tromme- og perkusjonsverda.

Det vil i tillegg til musikken vera våre eigne instruktørar i bakgrunnen i vindtunnelen. Det vert bra!

Gard Nilssen trommer, perkusjon
Daniel Wold lyd
Flygarar frå Voss Vind

Framsyninga er gratis.

Les meir om VossaJazz her.