TV-aksjonen 2015

Årets råaste firmatur til Ekstremsportbygda Voss!


By alt du kan – denne pakka kan du ikkje gå glipp av! Vossingane har rett og slett laga årets råaste tur for akkurat di bedrift eller venegjeng. I pakka får du overnatting for inntil 30 personar på valfritt hotell eller hytte, rafting, klatrepark, vindtunell, smalahove, lokalt øl og ikkje minst foredraget «Ei humpete og kul reise» med sjølvaste Kari Traa.
Og om ikkje det var nok – tre av dine gjester skal også få hoppa tandem fallskjerm over Vossabygda. Kven tek utfordringa?
Voss Transportservice stiller med buss og sjåfør medan dykk er her hjå oss.
Dette er rett og slett firmaturen du aldri vil gløyma. Slå til!

* Pakka gjeld for inntil 30 personar i dobbelt rom med frukost.
Andre måltid må bedrifta sjølve sørge for, bortsett frå ein middag.
* 2 overnattingar.
* Nedre aldersgrense 15 år.
* Pakka må benyttast midtveke. Veke 26 er ikkje aktuell pga «Ekstremsportveko». Anbefalar vår / tidleg haust.
* Transport til og frå Voss må bedrifta sjølv arrangere.

Inntektene fra salget av dette objektet går i sin helhet til TV-aksjonen NRK 2015 og Regnskogfondets arbeid med å redde regnskog i nært samarbeid med menneskene som bor der.