NM 10.-11.mars

Det vert arrangert Norgemeistarskap i innandørs kroppsflyging fredag 10.mars og laurdag 11.mars i greinen VFS, FS Open, FS Intermediate og FF Intermediate.

Sjå resultat her
Sjå alle rundane her

Program:
10.mars
15:15         Opningsseremoni med blant anna framføring av Amalie sin fantatasiske freestyle-rutine, og klubbane vert presentert 
16:00         Konkurransen startar 
20:00         Konkurransen er ferdig 

11.mars
10:00        Konkurransen startar 
13:00         Pause
16:00         Finalar
17:00         Ferdig 

Organic Soup Company vil servere mat både fredag og laurdag. 

Meir om dei forskjellige greinene:
VFS - Vertikal formasjonsflyging.
4 stk flyr vertikalt og prøver å ta mest poeng med å forme flest mogeleg formasjonar over ei gitt tid.

FS - Formasjonsflyging
4 stk flyr på mage og prøver å ta mest poeng med å forme flest mogeleg formasjonar over ei gitt tid. Open er vanskelegast og Intermediate er litt lettare. 

FF - Freefly 
Ei artistisk grein der 2 stk flyr forskjellige rundar der dei vert dømt etter kreativitet, stil og teknisk vanskelegsgrad. 

Me håpar mange vil ta turen innom for å sjå på dei beste tunnelflygarane i Norge :)