Utdrikningslag

Vindtunnel – gje feiringa eit løft!

La brura fly fritt litt!
La brudgommen flaksa før han sit i saksa!

Å fly i vindtunnel er ei fantastisk oppleving som høver godt som overrasking for både brur og brudgom. 

Her er nokre eksempel på opplegg for utdrikkingslag:

  • Gje ei stor eller medium pakke til hovudpersonen, og grunnpakka til resten av gruppa. Da får alle ta del i opplevinga.
  • Kjøp "Frittfallpakka" som inkluderer ei medium pakke i vindtunnel og eit tandemhopp hjå Voss Fallskjermklubb (sesong: sommar).
  • Kjøp pakkeløysinga Voss Vind og Vatn som er rafting, lunsj og vindtunnel. Då kan alle i utdrikkingslaget ha det moro saman gjennom heile dagen (sesong: vår, sommar, haust).
  • Me kan arrangere konkurranse i vindtunnelen, den same som vart brukt då 71 grader nord var her med sin kjendisversjon. Du får fly 4 x 2 minuttar først for å få litt kontroll. Etter åtte minuttar øving, skal du stave eit ord ved å fly og ta på bokstavar som henger på vindtunnel-veggen i rett rekkefølgje. Om de vil kan de sjølve velja ordet. Kva med eit ord som hintar om kvar gjengen dykkar skal etterpå? 

                                                                                                                 
Kun fantasien set grensar. Me gler oss til de kjem med dykkar gjeng!