Pakker med andre

Me har pakker med forskjellige tilbydarar på Voss. Du bestiller alt på ein plass - enten på tlf 40 10 59 99, eller til post@vossvind.no.

Vind og Vatn 

Vindtunnel og rafting er ein kombinasjon ein knapt kan gjere andre stader i verda enn på Voss. Du  vel om du vil ha begge aktivitetane på ein dag, eller om du vil dele dei opp på to dagar.

  • Familiepakke (2 vaksne + 2 barn 5 – 15 år): 4320,-
    10 minuttar vindtunnel og rafting grad 2
    Me kan òg få til pakker for større familiar. 
  • Bedrift/vener: 1920,- per person 
    2 x 1,5 minutt vindtunnel per person, varmlunsj og rafting grad 3-4+

Frittfallpakke med SkydiveVoss

  • Frittfallpakka inkluderer ei medium pakke flytid i vindtunnelen og eit tandemhopp med video hjå SkydiveVoss. 4995,- per person. 

tandemhopp

Fly and stay 
Du kan ikkje berre gjera morosame ting når du kjem til Voss- du lyt sova litt og... Kombiner opphaldet ditt hjå Voss Resort med flytid hjå oss til eigen pakkepris!
Fly som supermann i Noregs største vindtunnel og slapp av og finn roen hjå Voss Resort.
Ved kjøp av «Fly & Stay» pakka får du overnatting hjå Voss Resort og flytid hjå Voss Vind til ein rimeligare pris enn om du bestiller seperat.  Merk at pakka må bestillast i helhet for å få pakkeprisen.

Pakke Pris  Born/Student

Familiepakke, liten
2 vaksen + 2 born*. Overnatting i hytte ei natt hjå Voss Resort og 10 min flyging hjå Voss Vind. Maks 4 personar.

Frå kr. 3250,-

 

Familiepakke, stor
2 vaksen + 3 born*.Overnatting i hytte ei natt hjå Voss Resort og 15 min flyging hjå Voss Vind. Maks 5 personar.

Frå kr. 4355,-

 

Individuelle
Overnatting i hytte ei natt hjå Voss Resort og grunnpakke (2 * 1,5 min) hjå Voss Vind. 

Frå kr. 1025 per pers                               (ved min.4 stk). 

Frå kr. 835,-

* born = 5 – 15 år. 
Evt. utvask og leige av sengekle kjem i tillegg.

 Stay and fly

 

Teambuildingpakke med Vossamoro!

Meistermøte! Ein morosam og sosial aktivitet som passar for alle. Gruppa vert delt inn i lag på 7 – 9 deltakara, som skal konkurrera mot kvarandre i 7 kjekke øvingar, som til dømes aking, miniski, øksekasting, egghyving og stafett med opp-ned briller. Stikkord i denne samanhengen er samarbeid, presisjon og taktikk. Her står utfordringane i kø, det er berre til å ta fram konkurranseinstinktet og kjempa om å bli kåra til bedrifta/gruppa sitt MEISTERLAG. Etter aktiviteten samlast gruppa for ei oppsummering av resultata og premiering av det beste laget. Premieutdelinga kan gjerne kombinerast med noko godt å eta eller drikka.

Pris for ei grunnpakke i vindtunnelen (2x1,5 min flytid) + teambulding med Vossamoro er 1085 kr. 
Varighet for teambuilding er ca 2 timar. 

Teambuilding Vossamoro5

 BOblefotball med Vossamoro

Boblefotball er ein utruleg morosam og ufarleg måte å spela fotball på. Deltakarane får utdelt kvar sin bobleball, og dei har stropper til skuldrene og handtak.
Gruppa vert delt inn i lag som skal spela mot kvarandre i ein cup.  Aktiviteten passer perfekt til firma og grupper som vil styrka team følelesen, samarbeida på ein morosam måte, bevega kroppen og gjera noko kjekt i lag. Her kan ein takla kollegaene og vennene sine på ein trygg og sikker måte. Me kan lova god stemming, mykje latter og servering av solbærtoddy. Boble fotball cupen vert avslutta med ei oppsummering av resultata og premiering av vinnarlaget.

Boblefotball spelar me på snø, kuntsgras og gras. Ein må vera minimum 155 cm for å spela boblefotball med desse ballane.

Pris for ei grunnpakke i vindtunnelen (2x1,5 min flytid) + boblefotball med Vossamoro er 1085 kr.
Varighet boblefotball er 1,5 - 2 timar. 

boble 003

 

71 grader nord - konkurranse

Me kan arrangere konkurranse i vindtunnelen, den same som vart brukt då 71 grader nord var her med sin kjendisversjon. Du får fly 4 x 2 minuttar først for å få litt kontroll. Etter åtte minuttar øving, skal du stave eit ord ved å fly og ta på bokstavar som heng på vindtunnel-veggen i rett rekkefølgje. Om de vil kan de sjølve velja ordet. Kva med eit ord som hintar om kvar gjengen dykkar skal etterpå? 2190,- per person. 

ELN6221 copy