Bedriftssamling

Hjå VossVind kan de kombinere det faglege med det sosiale på ein og same stad.

Her kan bedrifta di ha kundesamling, team-building eller høre foredrag. Saman med leiargruppa kan de kombinere ein svevande aktivitet med handfast arbeid.  Me har to møterom, og desse kan slås saman til eit stort, så me har plass til opp til 25 personar. 

  • Dagpakke
  • Kurs
  • Kundemøte
  • Blåtur 
  • Kick-off 
  • Leiarsamling

 

Prisen er 1350,- per person for dagpakke. Da får de møterom med teknisk utstyr, god lunsj med noko til kaffien, mineralvann, kaffi/te heile dagen, samt grunnpakke for flyging.

Me kan også hjelpa dykk å skreddarsy heile opplegget – med overnatting, mat og med andre aktivitetar. Me kan òg skaffe spanande føredragshaldarar. Kva med eventyraren Aleksander Gamme, Karina Hollekim, Espen Fadnes eller vår eigen Kari Traa? 

 

 ELN7809


Kom og fly med oss!