Teambuildingpakke

Ilag med VossaMoro har me ei teambuildingspakke som ein kan kombinere med flyging i vindtunnelen.

I tillegg til å fly, kan ha ein aktivitet mens dei andre i gruppa flyr, evt før eller etter flyginga. Meistermøte er ein populær og morosam aktivitet som passar for ALLE. Gruppa vert delt inn i lag på 7 – 9 deltakara, som skal konkurrera mot kvarandre i spennande øvingar, som til dømes vardebygging, stafett med opp-ned briller, langski, pusling og øksekasting. Stikkord i denne samanhengen er samarbeid, memorering og taktikk. På kvar post er det ein instruktør som gjev rettleiing og notera resultata. Postane er satt ut utanfor vindtunnelen. Her står utfordringane i kø, det er berre til å ta fram konkurranse instinktet og kjempa om å bli kåra til bedrifta / gruppa sitt MEISTERLAG.

Pris per person for ei grunnpakke flyging (2x1,5 min) + Meistermøte er 1065 kr.
Ta kontakt for andre pakkeløysingar. 

Teambuilding Vossamoro3