Full pakke

Me kan hjelpa dykk å skreddarsy heile opplegget – med overnatting, mat, andre aktivitetar og transport. Me kan òg skaffe spanande føredragshaldarar. Kva med eventyraren Aleksander Gamme, Karina Hollekim, Espen Fadnes eller vår eigen Kari Traa? Me tilrette

Nokre dømer på pakker me allereie har er:

Teambuldingpakke med VossaMoro (året rundt) 

I tillegg til å fly, kan ha ein aktivitet mens dei andre i gruppa flyr, evt før eller etter flyginga. Meistermøte er ein sosial og morosam aktivitet som passar for alle uansett alder. Gruppa vert delt inn i lag, som skal konkurrera mot kvarandre i 7 kjekke øvingar. Aktiviteten startar med litt informasjon og laginndeling, deretter skal laga konkurrera mot kvarandre i øvingar som til dømes pil & boge skyting,  kreativ stafett med opp-ned briller, gå på planken, boblefotball  og egghyving. Stikkord i denne samanhengen er samarbeid, presisjon og taktikk. Postane er lagt ut i det flotte området rundt Voss Vind. Her står utfordringane i kø, det er berre til å ta fram konkurranse instinktet og kjempa om å bli kåra til gruppa sitt MEISTERLAG. Etter aktiviteten samlast gruppa for ei oppsummering av resultata og premiering av det beste laget. 

Pris per person for ei grunnpakke flyging (2x1,5 min) + Meistermøte er 1085 kr.
Ta kontakt for andre pakkeløysingar. 

 Teambuilding Vossamoro2

Vind og Vatn (mai-okt)

Vindtunnel og rafting er ein kombinasjon ein knapt kan gjere andre stader i verda enn på Voss. Du  vel om du vil ha begge aktivitetane på ein dag, eller om du vil dele dei opp på to dagar:

  • Bedrift/vener: 1920,- per person 
    2 x 1,5 minutt vindtunnel per person, lunsj og rafting grad 3-4+

Frittfallpakke med SkydiveVoss (mai-sept) 

  • Frittfallpakka inkluderer ei medium pakke flytid (3x2 min) i vindtunnelen og eit tandemhopp med video hjå SkydiveVoss. 4995,- per person.